VELKOMMEN TIL NORDFJORDHALLEN
 
Nordfjordhallen er eit kombinert anlegg for idrett og kultur. 
Under same tak har vi innandørs kunstgrasbane, fleirbrukshall, klatreveggar, løpebaner, turngrop, treningsrom, skytebane, kulturhus, kantine og møterom.

No kan du sjå videoar frå kvart enkelt innslag under Ungdommens Kulturmønstring her!


Endeleg kjem festframsyninga heile vestlandet har venta på!!

Dette er ein nyskriven hyllest til den særeigne vestlands- humoren, gjort av landsdelens beste imitatorar, satirikarar og humoristar. 

Og om du er ein av dei som trudde at det gjekk i nedoverbakke med nynorsken, vil nok desse karane overbevisa deg om at du har tatt feil.

Ta med kopp!

MED: Halvor Folgerø, Finn Tokvam, Ragnar Hovland, Olav Stedje og Claus Sellevoll
REGI: Arvid Ones
PRODUSENT: Stageway Talent v/ Linda Børnes, i samarbeid med Hordaland Teater

ANMELDELSER

BT: Anmelder Ingvil Bræin er veldig begeistret, kaller det en raus revy, og mener at det presenterer intelligent humor kombinert med Claus Sellevolls glimerende parodier, med et høyt og smittende energinivå. Terningkast 5Les anmeldelsen her.

BA: Vestlandsrevyen er en feststund for både bymann og stril. Terningkast 5. 

---------------------------------------------------

Oliver Twist
av Charles Dickens

dramatisert av Camilla Hübbe og Bodil Kvamme
musikk av Per Janke Jørgensen
Til nynorsk:
Terje Lyngstad

Oliver Twist er ei av dei største satsingane til SoFt nokonsinne. Med nykomponert musikk og spektakulære sceneskift ønskjer vi å gi deg ei uforgløymeleg oppleving.

Oliver Twist er ein klassikar av dei sjeldne, som vann i konkurranse med Jungelboka om kva oppsetjing som skulle bli den store familieframsyninga denne hausten. Den rørande histora om fattigguten som kjempar for å overleve i 1800–talets London, er blitt vist på film, tv og scener eit utal gongar. No kjem den endeleg til Sogn og Fjordane.

Stykket handlar om Oliver som veks opp på eit fattighus der han får meir juling enn mat. Han klarer å flykte frå fattighuset og hamnar blant Londons verste kjeltringpakk. Dessverre er mørke krefter i sving for å rydde den stakkars guten av vegen fordi han ber på ein løyndom han sjølv ikkje er klar over.

Regi: Trond Birkedal
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Koreografi: Elin Høyholm

Medverkande: Heine Bugge, Tor Ivar Hagen, Roger Hilleren, Henrik Høie, Per Arne Løset, Sara Norlin, Karl Sundby, Marius Thomassen, Gro Ann Uthaug, Jon Erling Wevling

Oliver Twist har première i Førde fredag 19. september og skal spele på totalt 21 stader i fylket. 

Dette er årets store familieframsyning og passar for alle frå sju år og oppover!

 

KLIKK HER
FOR ARRANGEMENT

  LEDIG KAPASITET
  Ta kontakt for treningstider, vi har ledig kapasitet.
  Vi kan tilby areal til alle slags typar aktivitetar;
  kameratgjengar, bursdagar (store/små),firmaarr(blåturer) 
  Deres ønsker, vår utfordring!

  KULTURHUS
  Samfunnshallen som lokalt og framtidig regionalt
  kulturhus. 
  Sjå eiga side her.

  BILDEGALLERI
  Sjå bildegalleriet vårt under Om hallen.

 

 


Herborg og Hope
18. januar 2007